Orre kyrkje er ei langkyrkje frå 1950 som ligg på Pollestad i Klepp kommune i Rogaland fylke.
Byggverket er i hoggen granitt og har 250 plassar. Ein valde å hogge granitt til kyrkja fordi det var mangel på andre vyrke, men steinen vart likevel liggjande ferdig i fire år før ein fekk bygd fordi ein ikkje fekk tak i sement.
Kyrkja erstatta mellomalderkyrkja Orre gamle kyrkje som soknekyrkje for Orre sokn.
Adresse Orre kyrkje: Åsevegen 37, 4343 Orre - sjå kart
Orre gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1250 på Jæren i Klepp kommune, Rogaland fylke. Kyrkja ligg nær havet og Orrestranda ved Nordsjøen. Truleg stod sjøen høgare i mellomalderen, slik at båtar kunne ligge til heilt inne ved kyrkja.
Orre gamle kyrke var soknekyrkje for Orre fram til 1950, då Orre kyrkje på Pollestad (Orre sentrum) vart bygd.
Adresse Orre gamle kyrkje: Nordsjøvegen 1022, 4352 Orre - sjå kart
